top of page

LIGHTNESS

MASTERARBEID I KOREOGRAFI KHIO 2015

Lightness er Solveig Styve Holte sine avgangsarbeid i koreografi ved Kunsthøyskolen i Oslo.

​

Lightness er ei øving i å halde seg levande, eit arbeid som ynskjer å produsere eit overskot fleire kan ta del i. Arbeidet utforske korleis koreografi er ein kapasitet som kan bli manifestert i fleire uttrykk. Lightness vert til som ei bok til Biblioteket ved Kunsthøyskolen i Oslo, seks soloarbeid ved Museet for Samtidskunst og fire framsyningar ved Black Box Teater. Situasjonane sine ulike temporalitetar gjer at vi kan undersøke ulike grader av publikumsnærvær. Sidan strukturelle val alltid er politiske undersøker vi sensitivitet framfor automatisering. Korleis kroppen som opplevd størrelse nærar det utøvande uttrykket, og korleis vi må øve på å sjå deg djupt i auga.

​

Boklansering 12. mai ved Biblioteket ved Kunsthøyskolen i Oslo.

Soloserie 19.-24. mai vert utøvd under heile opningstida til museet som del av utstillinga “Arte Povera og parallelle praksiser” ved Nasjonalmuseet, Museet for Samtidskunst i Oslo.

Framsyningar 4.-7. juni  ved Black Box Teater i Oslo.

​

Dans: Pernille Holden, Solveig Styve Holte, Ann-Christin Berg Kongsness og Marte Reithaug Sterud. Kostyme og scenografi: Fredrik Floen. Lys, foto: Elisabeth Kjeldahl Nilsson. Intitiativ og koreografi: Solveig Styve Holte. Musikk: Borch Floen Holte. DJ og dramaturg : Runa Borch Skolseg. Støtta av: Kunsthøyskolen i Oslo, avdeling Balletthøyskolen. Co-produksjon: Black Box Teater.

bottom of page